APPER for turløyper sjå LINKER
TURLØYPEPREPARERINGA 2023. Giro som du kan nytta ved innbetalinga vart utsendt i starten på februar 2023. Pr. 30. april 2023 er det 1186 eigarar av hytter og campingvogner som har bidrege med sitt tilskot mot 1209 pr. 30. april i fjor. Dette er ein svikt i tilskota frå 23 eigarar. Vi vonar at dei som ikkje har gjeve sitt tilskot endå, gjer det, og er med å sikra prepareringa!!!
Vi minner om at det er inngått kontrakt på prepareringa med fast pris, som må betalast enten det er mykje eller lite snø. Vi er difor avhengige av at alle bidreg med si støtte slik at prepareringa kan oppretthaldast til felles nytte og glede.
Vi har bankgiro 3530.07.08577 eller Vipps 91705.
Helsing Kvamskogen Næringslag
Velkomen til heimesida for Kvamskogen Næringslag
Her vil både dagsturistar, hyttefolk og andre brukarar finna nyttig informasjon om Kvamskogen
Kvamskogen er fjellplatået mellom Samnanger og Kvam, høgste punkt er Fuglafjell med 1336 m.o.h. ”Skogen” er ein ynda utfartsstad for folk i Bergens-regionen, særleg om vinteren. Mange reiser på dags-turar til Kvamskogen, og på dagar med fint ver kan det vera over 30.000 personar som nyt sola og dei preparerte turløypene. Området er ein av norges største hyttebyar med rundt 2000 hytter- og nærare 500 campingvognplasser.
Kvamskogen ligg 50 minutt med bil frå Bergen og 10 minutt frå handelssenteret Norheimsund. Fylkesveg 49 går over Kvamskogen. I vintersesongen er det gode bussforbindelser med Bergen, sjå Skyss.no linje 925, frå Bergen busstasjon lørdag og søndag kl. 8.55 og 11.55 til Kvamskogen. Dette er eit fantastisk fjellområde for tur- og skientusiastar, både når det gjeld turgåing og alpinsport. Her finn du skiheisar, akebakkar og preparerte turløyper for alle nivå. Her er meir enn 30 alpinløyper, 16 skitrekk, 3 barneskitrekk og over 65 km preparerte turløyper. I tillegg kjem alle dei upreparerte turløypene som går opp til høge fjelltoppar som Kvitingen, Byrkjefjell og Fuglafjell. Det er gode parkeringsforhold som gir eit godt utgangspunkt for å koma seg ut i turløypene.
Fornøyd med løypene?
Vil du gi eit bidrag til vårt arbeid med prepareringen kan du gi dette via
ein sum for dagstur eller kr. 600,- for årskort til