Prosjektering av gang- og sykkelveg frå Kvennelva til NAF
I Kvammapakken var det for gang- og sykkelveg på Kvamskogen budsjettert kr. 10 mill. Budsjettet vart hausten 2015 oppjustert til kr. 220 mill. Truleg er kostnaden endå høgare. Med så høg kostnad, vil gang- og sykkelveg verta utsett i mange år, om den skulle byggast etter Statens Vegvesen sine krav til slike.
Samferdseldepartementet har oppretta ei prøveordning om utbygging etter forenkla standard. Hordaland fylkeskommune som vegeigar, Statens vegvesen, Kvam herad og Kvamskogen Næringslag har helde fleire møter om å byggja ut etter denne ordninga.
Kvamskogen Næringslag har difor søkt og fått tildelt kr. 200.000,- frå Hordaland fylkeskommune si ordning med næringsretta bruk av kompensasjonsmidlar. Saman med eigenandel frå Næringslaget på kr. 100.000,- har ein til disposisjon kr. 300.000,- til prosjektering av gang- og sykkelveg frå Kvennelva til NAF. Arbeidet med finansiering av utbygginga vil starta så snart planen er godkjent av SV.
Det er oppretta ei prosjektgruppe, med 2 medlemmer frå Kvam herad og 2 medlemmer frå Kvamskogen Næringslag og prosjektleiar Brynjulf Bergesen
GEOPLAN AS har vore engasjert til prosjektering og utarbeiding av søknadspapir, og Søknad om rammeløyve saman med Dispensasjonssøknad etter PBL §19-1 er sendt til Kvam herad i slutten på oktober 2017.
Gang- og sykkelvegen skal stort sett fylgja same traseen som er vist i godkjent reguleringsplan av 17.02.2015. Planen finn ein på heimesida til Kvam herad under reguleringsplanar.
Mykje av traseen går mellom Fv7 og elvar, med byggjegrense på 50 meter frå midtlinje veg og 25 meter frå vatn/elvar. Området kan difor stort sett ikkje nyttast til bygg, anlegg og eller andre tiltak på eigedommane.
Det er gjennomført grunnavståingar langs traseen, og dei fleste grunneigarar har vore svært positive til tiltaket.