Velkommen til Kvamskogen Næringslag

Sida der du finn oppdatert info om vær og føreforhold på Kvamskogen

Tilskot til turløypeprepareringa!

APPER for turløyper sjå LINKER

TURLØYPEPREPARERINGA 2024.   Giro på kr. 600,- som du kan nytta ved innbetalinga vart utsendt i starten på februar 2024.         Pr. 31. mars 2024  er det 1308 eigarar av hytter og campingvogner som har bidrege med sitt tilskot mot 1043 pr. 31. mars i 2023 – ein auke på 265 fleire i år – eit flott resultat, men me vonar framleis at endå fleire av hyttene og campingvognene på Kvamskogen vert med på spleisen.

NB! Husk å spørja om naboen din har betalt sitt TILSKOT?

Det er inngått ny kontrakt på løypeprepareringa med fast pris dei neste 4 åra, og kontrakten er auka noko, med bakgrunn i sterk auke i maskinprisar (Euro), diesel, løner m.m. Kontraktsummen må betalast enten det er mykje eller lite snø. Vi er difor avhengige av at alle bidreg med si støtte slik at prepareringa kan oppretthaldast til felles nytte og glede. Kvamskogen Næringslag vil difor oppfordra på det sterkaste at alle hytte- og campingvogn-eigarar nyttar den utsende giroen til innbetaling av sitt tilskot til prepareringa!

 Vi har bankgiro 3530.07.08577 eller Vipps 91705.

Helsing Kvamskogen Næringslag

Velkomen til heimesida for Kvamskogen Næringslag

Her vil både dagsturistar, hyttefolk og andre brukarar finna nyttig informasjon om Kvamskogen

Kvamskogen er fjellplatået mellom Samnanger og Kvam, høgste punkt er Fuglafjell med 1336 m.o.h. ”Skogen” er ein ynda utfartsstad for folk i Bergens-regionen, særleg om vinteren. Mange reiser på dags-turar til Kvamskogen, og på dagar med fint ver kan det vera over 30.000 personar som nyt sola og dei preparerte turløypene.  Området er ein av norges største hyttebyar med rundt 2000 hytter- og nærare 500 campingvognplasser.

Kvamskogen ligg 50 minutt med bil frå Bergen og 10 minutt frå handelssenteret Norheimsund.  Fylkesveg 49 går over Kvamskogen. I vintersesongen er det gode bussforbindelser  med  Bergen, sjå Skyss.no linje 925, frå Bergen busstasjon lørdag og søndag kl. 8.55 og 11.55 til Kvamskogen. Dette er eit fantastisk fjellområde for tur- og skientusiastar, både når det gjeld turgåing og alpinsport. Her finn du skiheisar, akebakkar og preparerte turløyper for alle nivå. Her er meir enn 30 alpinløyper, 16 skitrekk, 3 barneskitrekk og over 65 km preparerte turløyper. I tillegg kjem alle dei upreparerte turløypene som går opp til høge fjelltoppar som Kvitingen, Byrkjefjell og Fuglafjell. Det er gode parkeringsforhold som gir eit godt utgangspunkt for å koma seg ut i turløypene.

Fornøyd med løypene?

              Vil du gi eit bidrag til vårt arbeid med prepareringen kan du gi dette via

vipps_sjgrnn

                                  ein sum for dagstur eller kr. 600,- for årskort til

            Vipps nummer 91 705